Påmelding

ArrangørKvinnherad Turlag
ArrangementSeniortur - Rundtur frå Valen til Nordfjell og Vardhaugselet
Sted
Tidspunkt05.05.2027 10:00
Sluttidspunkt05.05.2027 15:30
 

Frammøtestad er ved høgdebasenget ovanfor Søsterheimen på Valen.

Denne dagen skal elevane frå ungdomsskulane i kommunen delta på arrangenmentet OPPTUR.
Seniorgruppa i turlaget hiv seg med for å gå samme turen. Elevane vil nok ikkje gå i samla flokk, men vi i seniorgruppa prøver å gå slik som vi pleier.

Første del av turen går på skogsveg før vi tek av på sti opp gjennom lia. Her er det nokre bratte parti, så vi får tilpassa tempoet deretter. Over tregrensa flatar det ut, og vi får ta oss ein liten pause ved Nordfjell for å nyta utsikta. Vidare blir det flatt over heimstre del av Svaneheia før det blir litt stigning den siste delen opp til Vardhaugselet.

Etter ein god matpause blir det heimtur ned Olderbotn på grei sti. 
Vi må ha ein stans ved hytta i Olderbotn. Den gamle hytta som stod der, skulle feira 100-årsjubileum i 2024, men den brannn ned til grunnen i 2022. No er det bygt opp ei ny hytte i regi av "Interesselaget for Vardhaugselet". Denne gjengen hadde også restaurert den gamle hytta. 
Turen vidare nedover går på skogsveg tilbake til utgangspunktet.

HUSK: Fjellsko er bra på ein slik tur !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... 

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. 
Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. 
Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem.

  • Frammøte:   Kl. 10.00 ovanfor Søsterheimen, Valen
  • Turkarakter: MIDDELS / KREVJANDE
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Arnt Orholm (970 29 515), Magne Bøyum (917 39 973) og Nils Olav Støle (918 78 115)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           7,5 km rundtur
    • * Høgdeskilnad:  560 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg





imgHar du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren::
Navn: Arnt Orholm
Mobil: 970 29 515
E-post adresse: [email protected]