Påmelding
|
|
| Arrangør | Kvinnherad Turlag | | Arrangement | Seniortur - Aterstad-Vongshaug, Omvikdalen | | Sted | | | Tidspunkt | 29.09.2027 10:00 | | Sluttidspunkt | 29.09.2027 14:00 |
|
|
| |
|
Vi startar å gå på ein gamal skogsveg. Den stig jamt og trutt og er forholdsvis lett å gå. Når vi passerar elva, kjem vi inn på ein større grusveg. Denne går vi på til vi er oppe til Aterstadvatnet, 400 moh. Frå vatnet føl vi sti opp til grusvegen langs Kloelva. Også stien er forholdsvis lett å gå. Ikkje skikkeleg bratt nokon plass. Vi føl grusvegen eit lite stykke og tek ein avstikkar bort til Vongshaug, 515 moh. Etter ein matpause går vi grusvegen nedover til vi kjem til den gamle skogsvegen vi gjekk opp. Der kan vi velja om vi skal gå skogsvegen nedatt eller følgja den gruslagde køyrevegen tilbake til bilane. HUSK: Gode sko er alltid bra på ein fjelltur ! VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga. - Frammøte: Kl. 10.00 ved Matrekrysset på Landa
- Turkarakter: MIDDELS
- Turavgift: Ingen
- Turleiarar: Marita Haugse Handegard (952 75 478) og Magne Bøyum (917 39 973)
- Vandringa:
- * Distanse: 7 km rundtur
- * Høgdeskilnad: 400 meter
- * Tidsbruk: Ca. 3,5 timar, pausar kjem i tillegg
|  | Har du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren:: |
|