Påmelding

ArrangørKvinnherad Turlag
ArrangementSeniortur - Kulturvandring på Sandvoll
Sted
Tidspunkt27.10.2027 10:00
Sluttidspunkt27.10.2027 13:30
 

Frå parkeringsplassen ovom Handeland gard går me på gardsvegen til Handeland bru og vidare inn på Sandvollsida. Her ser me far i terrenget etter Sandvoll Sanddrift frå siste halvdel av 1900-talet. Me spaserar ned til sjøen der det tidlegare var eit yrande liv, og undervegs får me høyra litt om sanddrift, sagbruk, stampe, smie, bøkkerverksatd og butikk, bakeri og damskipskai på 1900-talet.

Me går så opp att forbi Posthuset og Ludvikstova før me tek inn på gang- og sykkelvegen til gamleskulen. Her stoppar me (inne eller ute) for matpause.

Retur går opp byggefeltet Heio, inn Vassdalen til Rudlen, deretter til hovudvegen og attende til Handeland.

Vegen vekslar mellom grusa veg, asfalt og litt sti og er rimeleg lett å gå.

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 10.00 på parkeringa til Handelandsdalen
  • Turkarakter: ENKEL
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Toril Tjelmeland (976 91 370) og Jan Martin Skaaluren (917 26 614)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           6 km rundtur
    • * Høgdeskilnad:  80 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 3 timar, pausar kjem i tillegg
imgHar du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren::
Navn: X
E-post adresse: [email protected]