Påmelding

ArrangørKvinnherad Turlag
ArrangementSeniortur - Samlen, Herand
Sted
Tidspunkt02.06.2027 09:30
Sluttidspunkt02.06.2027 16:00
 

Me møtast på parkeringsplassen ovanfor kaien i Rosendal og organiserar samkjøring. 

Herfrå tar det 1,5 timar å køyra inn til der me skal parkera. Ver obs på at me kjøyrer forbi sentrum i Herand og opp til der de svingar inn på Mælsvegen. Følg denne ca 400 til de kjem til parkeringsplassen som er laga for dei som skal gå til Samlen. Det kostar kr 50,- pr bil som vi betalar med Vips når me kjem fram.

Me går 250 m på grusveg før me dreier inn til høgre på traktorveg. Det er roleg stigning i starten. Etter nye 200 meter tar me inn på sti til Samlen. Etter ca ein km startar den fyrste og lengste sherpatrappa (Hardangertrappa). Vidare oppover vekslar det på trapper, krevjande sti med bratte klyv og eit par plasser lett og flat sti. Heile vegen oppover byr på flott utsyn over Herand og mange flott tillaga kvileplasser i stein.

Turen er ikkje så lang, med er gradert som krevjande, dette grunna fleire typar stigning. Nokre «luftige» parti og eit par plasser som krev litt klyving og bruk/støtte med hendene. Alt dette er utfordringar me har hatt på seniorturar tidlegare også. Øvst oppe flatar terrenget ut og me går langs ryggen av Samlen utover til me kjem til 3 vardar og eit uforgløymeleg utsyn 360 grader rundt.

HUSK: Fjellsko, veldig bra når det er bratt !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 09.30 P-plass ovanfor kaien i Rosendal
  • Turkarakter: KREVJANDE
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Eldbjørg Teigen (990 42 295) og Marita Haugse Handegard (952 75 478)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           6,7 km tur/retur
    • * Høgdeskilnad:  504 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 3 timar, pausar kjem i tillegg
imgHar du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren::
Navn: Eldbjørg Teigen
Mobil: 990 42 295
E-post adresse: [email protected]