Påmelding
|
|
| Arrangør | Kvinnherad Turlag | | Arrangement | Seniortur - Opsangerneset, Sunde | | Sted | | | Tidspunkt | 10.02.2027 10:00 | | Sluttidspunkt | 10.02.2027 15:00 |
|
|
| |
|
Seniorgruppa sin første tur i 2027 går til Opsangerneset og området innanfor. Frammøte er på Knatten ved skogsvegen vis-a-vis innkøyrsla til BKS. Turen går opp skogsvegen til toppen der vi får fin utsikt mot Halsnøy. Deretter går vi gjennom skogen mot neset / Levrane, herfrå ser vi mot Sunde og Bjelland. Etter ein kort stopp held vi fram på sørsida der vi får utsyn mot Halsnøy, Kolsøy og Lauvøyane. Det blir matpause i Kobbavikjo, deretter går vi mot Gangstø, Sveo og Smeaplasset. Turen vidare går på skogssti retning Øspevika og Porsvika og vidare mot toppen av Toraksla (125 moh) og Bjødlehaug med god utsikt over Høylandsundet. Frå Bjødlehaug går vi ned i Sveo, gjennom Gangstø og over Kleibergsækra tilbake til startpunktet på Knatten. HUSK: Gode sko...! VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga. - Frammøte: Kl. 10.00 ved vegen til Snøggbåtkaien på Sunde
- Turkarakter: MIDDELS
- Turavgift: Ingen
- Turleiarar: Jan Helge Opsanger (995 74 139) og Ivar Vaage (995 12 605)
- Vandringa:
- * Distanse: 7 km rundtur
- * Høgdeskilnad: 125 meter
- * Tidsbruk: Ca. 4,5 time, pausar kjem i tillegg
|  | Har du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren:: |
|