Frammøte på P-plassen ovanfor kaien i Rosendal kl. 0900. Derfrå samordnar vi turen vidare i privatbilar til Seljestad/Korlevoll.
Turen til Oddavarden går tur/retur Korlevoll - Oddavarden. Korlevoll skistadion ligg på 650 moh., turmålet Oddavarden ligg på ca. 940 moh.
Området vi skal gå i, heiter Seljestadfjellet og ligg i Ullensvang (gamle Odda) kommune. (Sjølv om ein frå Seljestad kan gå over mot Etne- og Saudafjella, høyrer Seljestadfjellet til fjellområda i Hardanger, og ikkje til fjella i nabofylket, som ein del rogalendingar synest å tru.)
Frå Korlevoll følgjer vi ei tydeleg løype i nordleg retning mot Oddavarden. Stigninga er moderat, lange parti går i nokså flatt terreng. Det kan vera nokre blaute parti, men på dei mest myrete partia er det lagt ut plank. Turen går i skitur-terrenget til oddingane. Men dette har vorte ein mykje brukt sommartur også. Oddavarden er ikkje nokon ruvande varde, og han har nok fått namnet i nyare tid etter at oddingar på skitur oppdaga at ein frå denne haugen kunne sjå nordover dalen, og heimover mot Odda. Ei av dei dei mest brukte skiløypene på Seljestad går innom Oddavarden. Frå gamalt av var dette området jakt-, fiske- og beiteområde først og fremst for gardsbruka på Seljestad, men også for bruk på vestsida av Sørfjorden som kjøpte seg stølsrettar i Seljestadfjellet.
Ettter matpause ved varden blir det lett retur i same trase tilbake til Korlevoll.
HUSK: Fjellsko, det er nokre våte parti !
VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.
- Frammøte: Kl. 09.00 på P-plass ovanfor kaien i Rosendal.
- Turkarakter: MIDDELS
- Turavgift: Ingen, men passasjerane bør gje ein peng til bileigarane ved fellestransport.
- Turleiarar: Hermund Fenne (917 03 488), Steinar Kroka (957 68180) og Ivar Vaage (995 12 605)
- Vandringa:
- * Distanse: 8,3 km tur/retur
- * Høgdeskilnad: 290 meter
- * Tidsbruk: Ca. 3 timar, pausar kjem i tillegg