Påmelding

ArrangørKvinnherad Turlag
ArrangementSeniortur - Varden, Sandvoll
Sted
Tidspunkt07.04.2027 10:00
Sluttidspunkt07.04.2027 15:30
 

Frammøte ved Skarveland skule, Sandvoll kl. 10.00.

Vi går på veg/sti til Rudlen der vi eit lite stykkje føl stien mot Beinahølen før vi tar til høgre på sti opp lia mot Skarvelandsstølen, og vidare opp til Varden.

Etter å ha nytt utsikten går vi ned samme veg, og tar matpausen på Skarvelandstølen (avtalt med grunneigar).

Etter matpausen går vi ned skogsvegen, og tilbake til Skarveland skule.

Dette er ein forholdsvis bratt og tung seniortur med ein del våte og glatte parti, derfor har vi sett karakteren til KREVJANDE.

HUSK: Fjellsko er alltid bra på slike turar !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   Kl. 10.00 ved Skarveland skule
  • Turkarakter: KREVJANDE 
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:    Arnt Orholm (970 29 515) og Steinar Kroka (957 68 180)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           8 km rundtur
    • * Høgdeskilnad:  445 meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg
imgHar du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren::
Navn: Arnt Orholm
Mobil: 970 29 515
E-post adresse: [email protected]