🎄🥾 Bli med på ein koseleg førjulstur til Simlebu! 🥾🎄
Velkommen med på ein flott og sosial tur til Simlebu – to trivelege turlagshytter i vakre Etnefjella. Her får du frisk fjelluft, godt turfølgje, hyttekos og ikkje minst pinnekjøtt til middag! 🎅✨
📍 Start: Skromme📅 Laurdag 28. november⏰ Kl. 11.30⛴️ Tidspunktet passar med ferja frå Utåker kl. 10.15.
Frå Skromme går meg rundt 5 km i stigande terreng opp til hyttene, som ligg idyllisk til ved eit lite tjern. Dersom snøforholda tillet det, tek me med ski på sekken – men starten av turen blir nok til fots.
🏡 På Simlebu ventar hyttekos og pinnekjøttmiddag!Simlebu er ei sjølvbetjent hytte, og turleiarane handlar inn alt meg treng til lørdagsmiddagen. Alle deltakarane må rekne med å bidra litt med bæring av mat og fellesutstyr.
Du ordnar sjølv mat til resten av helga – niste, frokost søndag og snacks. Det er også mogleg å kjøpe mat frå matlageret på Simlebu.
🎒 Ta med:
Me sender ut ei meir detaljert pakkeliste til alle som melder seg på.
⛰️ Har du lyst på en liten fjelltur i tillegg? Me prøver å få til ein tur til Simlenuten enten laurdag eller søndag, før me vender nasen heim att. Tilbake på Skromme i ca.14-15 tida på søndag.
Dette blir ein fin anledning til å senke skuldrane, nyte fjellet og kome litt i førjulsstemning saman med andre turglade folk. ❤️
Meld deg på – og bli med på ein liten, koseleg førjulstur til Simlebu! 🎄🥾🔥
Turleiarar: Jarle Røstbø og Mona Eikemo Røstbø