Påmelding
|
|
| Arrangør | Kvinnherad Turlag | | Arrangement | Seniortur - Veten, Snilstveitøy | | Sted | | | Tidspunkt | 10.03.2027 14:00 | | Sluttidspunkt | 10.03.2027 18:30 |
|
|
| |
|
Vi reiser til Snilstveitøy med rutebåten Rødne frå Rosendal Kai 14.25. Møt fram 15 min før avgang. Vi kjem til kaien på Snilstveitøy og går på grusveg til vi går ut i terrenget. Vi føl ein gammal skogsveg eit stykke og deretter går vi over på sti til toppen. Det er rimeleg lett å gå, jevn stigning. På toppen (Veten) får vi fin utsikt 360 grader rundt. Om sommaren kan det vera mykje flått i området. Vi håpar den ikkje har vakna såpass tidleg som 10. mars 😉 Vi får avtale med Rødne skyssbåten for retur til Rosendal kl 18.30 Båten må deltakarane betala sjølve tur/retur. HUGS: Fjellsko, det er nokre våte parti ! VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder... OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga. - Frammøte: Kl. 14.00 ved Rosendal kai.
- Turkarakter: MIDDELS
- Turavgift: Ingen, men billett på båten må ein betala sjølv.
- Turleiarar: Helga Fossheim (918 50 257) og Vigdis Uglehus Bøyum (950 83 653)
- Vandringa:
- * Distanse: 4,8 km tur/retur
- * Høgdeskilnad: 407 meter
- * Tidsbruk: Ca. 3,5 timar, pausar kjem i tillegg
|  | Har du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren:: |
|