Frammøte ved Landa bru øvst i Omvikdalen kl. 09.30.
Etter frammøte prøver vi å organisera litt samkøyring vidare til fjells.
Det er ca.15 km å køyra inn mot Blådalen til Grøningen (som er namnet på kartet), der parkerer vi ved hengjebrua.
Over brua går vi ei tidvis bratt stigning på 300 høgdemeter opp Grydningsdalen. På vegen opp lia passerer me tippen på høgre side. Dette er massar frå driving av tunellen mellom Blådalsvatnet og Fjellhaugen. Vidare oppover formar dalen seg til ein trong v-dal før landskapet øvst oppe opnar seg og flatar ut i Øvre Grydningen. Her passerer me ei klynge med gamle murar (763 moh) som vitnar om stølsliv i gamal tid.
Turen fortset med roleg stigning opp og gjennom eit skar der me etter kvart passerer fleire små vatn (Byttene), før me når turmålet der eit overveldande utsyn møter oss og me kan ta lunsj og fundera over alt me ser.
Etterpå ruslar vi ned att same veg som vi kom opp.
HUSK: Tursko med god såle og ta gjerne med stavar, Grydningsdalen er bratt.
VEL MØTT, turen er open for folk i alle aldrar...
OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.
- Frammøte: Kl. 09.30 ved Landa bru
- Turkarakter: MIDDELS / KREVJANDE
- Turavgift: Ingen
- Turleiarar: Eldbjørg Teigen (990 42 295) og Margrete Gjerald Mehl ( 924 86 788)
- Vandringa:
- * Distanse: 7 km tur/retur
- * Høgdeskilnad: 465 meter
- * Tidsbruk: Ca. 5 timar, pausar kjem i tillegg