Påmelding

ArrangørKvinnherad Turlag
ArrangementSeniortur - Borgundnuten, Fjelberg
Sted
Tidspunkt16.06.2027 08:40
Sluttidspunkt16.06.2027 15:45
 

Denne dagen skal vi ta ferje frå Sydnes til Borgundøy for å koma oss opp på ein nut, 462 moh.

  • Frammøte ved rundkøyringa i Podlen kl. 08.40 for samordning av transport vidare.
  • Ferje frå Sydnes kl. 09.30, ankomst Borgundøy kl. 09.50.

Frå kaien går turen på bilveg opp forbi bygdahuset og Brekke skule. Deretter på litt skogsveg og vidare på sti til toppen. Opp gjennom skogen passerer ein eit parti med utruleg store søylebrakar. 
Frå toppen kan ein ved godt ver få eit flott utsyn over Sunnhordland.
Nedatt går vi ein sti på sørsida, deretter på skogsveg tilbake til velteplassen vi passerte på veg opp.

  • Vi vil prøva å organisera servering av suppe på Sjøstova der Fosse-familien er vertskap.
    (Dersom du ikkje vil delta på dette, må du leggja inn melding i kommentarfeltet i påmeldinga.)
  • ​Dersom tida tillet det, kan det bli omvising hos Fjelberg Fjordbruk som er ein del av Alsakerkonsernet.
  • Tilbakereise med ferje frå Borgundøy kl.14.50

HUSK: Fjellsko er godt å ha, nokre stader er det litt bratt !  

VEL MØTT, turen er open for alle, her er det ingen som spør om alder...  

OBS: Ved fullført påmelding får du stadfesta deltakinga di pr SMS og e-post. Dersom du ikkje får slik stadfesting, må du prøva påmelding på nytt. Ta kontakt med ein av turleiarane dersom du har problem med påmeldinga.

  • Frammøte:   I Podlen kl. 08.40
  • Turkarakter: MIDDELS 
  • Turavgift:      Ingen 
  • Turleiarar:   Jan Helge Opsanger (995 74 139) og Steinar Kleven (957 68 199)
  • Vandringa:
    • * Distanse:           6,3 km, delvis rundtur
    • * Høgdeskilnad:  462  meter
    • * Tidsbruk:           Ca. 3 timar, pausar kjem i tillegg
imgHar du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren::
Navn: Jan Helge Opsanger
Mobil: 995 74 139
E-post adresse: [email protected]