Kom med på ein kosleg og smaksrik helg til Hallingskeid (1 049 moh). Denne helga blir ein avslappa tur der vi tek Bergensbanen til Hallingskeid, går nokre meter til hytta og nyter god mat. Det vert servert fine middagar, god dessert, skravling og godt selskap. Dersom været tillét det, vert det òg topptur til Skomanosi (1 637 moh) eller eit anna nærliggjande fjell.
Mat:
Fredag:
Middag: Indisk raud currygryte med aromatiske krydder, servert med ris
Laurdag:
Frukost: Nysteikte britiske crumpets med smør, sprøsteikt bacon, boysenbærsyltetøy og søt mango
Lunsj: Kvar deltakar disponerer si eiga kulinariske oppleving gjennom dagen
Ettermiddagsservering: Meissner quarktorte servert med te eller vietnamesisk eggkaffi
Middag: Langtidssteikt svinesteik inspirert av fransk-tysk landsbytradisjon, servert med heimelaga tyske raspeballar og sesongbasert tilbehøyr
Vegetarisk alternativ: heimelaga falafel med utvalde tilbehøyr
Dessert: Ein søt overrasking frå kjøkenet
Sundag:
Frukost: Morgonservering under planlegging - kjøkenet vurderer framleis den endelege komposisjonen
Oppmøte: Bergen jernbanestasjon
Tidspunkt: Toget går kl 16.48 frå Bergen Jernbanestasjon; møt opp 20min tidlegare for å hilse på oss.
Retur: Søndag klokken 12.49, med ankomst i Bergen klokken 15.00.
Transport: Vi tek Bergensbanen frå Bergen jarnbanestasjon og returnerer same veg. Kvar deltakar er ansvarleg for å kjøpe sin eigen billett. Det lønner seg å bestille biletten tidleg. Billettprisen er ikkje inkludert i turprisen.
Du må kjøpe togbillettene sjølv. Det er desse to toga me skal ta:
Fr, 23. oktober, F4 Bergen stasjon – Hallingskeid stasjon (16.48–19.08)
Sø, 25. oktober, F4 Hallingskeid stasjon – Bergen stasjon (12.49–15.00)
Dersom det er spørsmål angående dette, send oss ein melding.
Utstyr: Gode tursko, klede tilpassa vêrforholda, solkrem og lue (avhengig av sol og vind). Det er seinhaust, så det kan bli ganske kaldt. Alle må ta med sengetøy eller lakenpose for overnatting på hytta. Se utstyrsliste.
Pris: 1508kr for medlemmer, 2368kr for ikke-medlemmer. Meld deg inn her om du ønsker medlemskap. Prisen inkluderer overnatting, turledelse og fellesmat. Transport er ikke inkludert.
Generelle vilkår ved påmelding: Les generelle vilkår
Gradering: Middels
Turleiarar: Tom Lambert, Lukas Schramm
Spørsmål? Har du spørsmål kontakt Bergen og Hordaland Turlag på e-post [email protected] eller tlf. 55 33 58 10